Billettar

Hugs å lese informasjonen under godt før du gjennomfører kjøpet. Kjøpte billettar vert ikkje refundert!

Festivalpass: Gjev deg adgang til alle konsertar på Gjerstad Arena, samt arrangement merka med * i programheftet. Enkelte av arrangementa som for eksempel Kyrkjekonserten må ein melda seg på via epost. Sjå informasjon på dei einskilde arrangementa.  Dagspass: Gjev deg adgang til kveldskonsertane på Gjerstad Arena. 

Kyrkjekonsert: Her kjøper du billett til konserten med Ingebjørg Bratland. Denne konserten er inkludert i festivalpasset. Skal du nytte deg av festivalpasset må du hugse å reservere plass ved å fylle ut skjema her. Eller ved å stikka innom festivalkontoret. 

Tysnesfest ynskjer at de som er gjester i hamna skal ha så trygt og godt opphald som mogleg, og det er difor gjort nokre endringar frå tidlegare år, blant anna når det gjeld betaling:

  • Båtplassen kostar kr 495.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer Kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
  • Den som kjøper båtplass, må ha festivalpass. Ein må kjøpe pass og båtplass samstundes, eller skrive inn referansekode frå eit allereie kjøpt festivalpass.
  • Ved kjøp av båtplass må ein oppgje storleik på båten, dette for at båthamna kan planleggast best mogleg med omsyn til tryggleik etc.
  • Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, kostar det også kr 495.- pr. person. Gjest i båt, må også ha festivalpass eller dagspass dei dagane ein er om bord.
  • Ungar under 12 år er gratis som gjest i båt (samt på festivalområdet).

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 495*3 = 1485.-

Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 13.07.18 kl 21.00 for å vera sikker på at du beheld plass til båten din.

Med eit Tysnesfest-gåvekort kan du gleda nokon med ei unik oppleving! Den som får gåvekortet kan sjølv velga kva Tysnesfest-arrangement han/ho vil bruka gåvekortet på. Ein kan bruka gåvekortet som heil- eller delbetaling både online, samt ved fysiske billettutsalg på festivalen. Saldo kan du alltid sjekka på ticketco.no Gåvekortet er gyldig i 1 år frå kjøpsdato. Det er ikkje mogleg å refundera saldo på gåvekortet.

Her kjøper du billett til den turen du vil reisa ut med. Kjøper du billett til båt 1 ut må du reise med båt 1 tilbake. Jo tidligare du reiser ut, jo tidligare kjem du heim osb. Inkludert i prisen er hurtigbåt tur/retur Våge kai, minnneglas i hardplast samt sjølve konserten. Billett scannes når du går ombord på båten i Våge. Det er viktig at du tar vare på billetten, for den skal kontrolleras igjen når du går inn på returbåten.